fredag 23. september 2011

End the Occupation!

End the Occupation


Tre månader går veldig fort. Eller veldig seint. Desse dagar er det avslutning for nok ei gruppe ledsagere. Gruppe 40 har levert frå seg mobilane og teke av seg vesten med logoen til Eappi-programmet til World Council of Churches. Gruppe 41 er no i sving og har ansvaret for det vidare arbeidet. Det skal bli godt å koma heim til familie og venner, det er ei tid for alle ting. Vi reiser heim og fortset arbeidet med å presentere det vi har sett for på den måten å påverka haldninga til den vanskelege situasjonen her. Det endelege målet er å få slutt på okkupasjonen av Palestina. End the Occupation.

Kvar einaste fredag er det ein stille demonstrasjon i ei rundkøyring i Vest Jerusalem. Ei gruppe israelske kvinner kledd i sorgens farge står stille med sine skilt der bodskapen er enkel, men sterk: End the Occupation. På tre språk; engelsk, hebraisk og arabisk. Ein time kvar fredag står dei der, Women in Black. Dei mottek tilrop av alle slag, samt søppel, spyttklyser og eggkasting. Mange positive signal også, mange gode diskusjonar, og mange ikkje så gode. Dette er den einaste demonstrasjonen ledsagerne tar del i, vi held også plakatar og skilt med denne bodskapen vi stør fullt og heilt. Få ein slutt på denne okkupasjonen som fører sorg og liding for så mange, på begge sider av konflikten.

Vi har sett så mykje, vi har så mange historiar å fortelje. Vi har lovt at vi skal fortelje det vi har sett. Mange gonger har vi opplevt maktesløyse, situasjonen har berre vorte verre medan vi har vore her. Det er min andre periode som ledsager, eg veit jo ikkje om det har hjulpe nokon at eg har vore her. Eg kan  ikkje vise til at eg har løyst noko problem eller gjort livet lettare for nokon den tida eg har vore her. Så det er ingen lykkeleg og stolt ledsager som kjem heim. Men eg er fast bestemt  på å fortelje det er har sett, det eg har sett, kan ingen ta frå meg. Håper at nokon vil høyra på det eg har å fortelje.

Det er siste blogginnslaget for denne gong, Astridijerusalem er slutt, men arbeidet mitt held fram heimefrå.
Takk for følget til deg som har lese bloggen min.


                                        لينتهي الاحتلال

onsdag 21. september 2011

Tusen takk, det var heilt fantastisk!

Fasaden på klippedomen

Så det var hit dei ville, dei tusener av muslimar som reiste lange vegar, gjennom kontrollpostar for å koma til Al Aqsamoskeen for å be på fredagane i Ramadan. Ikkje alle fekk lov til det. Det er viktig for muslimane å gjere dette, så det er leit når det ikkje let seg gjere.

For ei vekes tid sidan var det også fem utsendingar frå World Council of Churches på same vegen tidleg ein morgon. Ein kjær lokal kontakt hadde ordna dette utrulege for oss: invitasjon til å få koma på innsida av desse heilage bygga. Forventningane var høge, opplevinga kan likevel ikkje beskrivast med ord eller bilete. Uteområdet, dei to uendeleg vakre moskeane, dette var eit høgdepunkt. Vi hadde høyrt at det ikkje ville vera høve til å fotografere innvendig, så vi var innstilte på å ikkje spørje om det. Men akk, så feil: utan vidare fekk vi grønt lys, det var berre å ta akkurat så mykje bilete vi ønskte!

Vi tenkte kanskje på alle dei vi hadde møtt og sett på ramadanfredagane, det er råd å skjøna den lengselen dei har til å koma nett hit. I tilleg til alt dette vakre, fekk vi jo også del i blodig historie og valdsbruk også her. Ingenting skal vere for heilagt.

I tillegg til det som har skjedd, det som no er historie, har vi også fått høyre rykte som går. Dei same rykta kjem frå fleire hald, ein skal vere klar over at dette ikke er offentlege, skrivne planar.
Det er  rykte som  går ut på at eit tredje, jødisk tempel skal byggjast. Dette vil vera stort og det krev plass. Tempelplassen er ein stor og åpen plass. Kanskje noko av det som er, kunne rivast for å gje betre plass til eit eventuelt tempel? Restane av eit tidlegare tempel, Klagemuren, ligg vegg i vegg med dette området...
For all del, vi håper dette er ugrunna frykt, men frykten er der. La muslimane få ha dei heilage moskeane sine i fred! Det ville dessutan vere eit stort tap for alle om dette området vert rokka ved.

Interiør Al Aqsamoskeen
Behandle alle religiøse bygg med kjærleik og respekt, kyrkjer, synagogar eller moskear!!!  Og    igjen,tusen takk for at vi fekk koma inn i desse uendeleg vakre og heilage bygga, det var ei tiltru eg aldri skal gløyme. Det einaste som kan vera med på å øydeleggja denne gleda, er at så mange muslimar ikkje får koma inn til desse heilegdomane sine. Eg våga ikkje flagge så kjempehøgt kvar eg hadde vore, når eg seinare møtte dei som ikkje får koma dit...For å sitere ein mann nokre kilometer frå Gamlebyen: Det er lettare for meg å reisa til Australia enn å reisa til hovudstaden min Jerusalem. Men tusen takk frå ein glad og audmjuk ledsager.
  Tusen takk, det var heilt fantastisk!                    


Tempelplassen

søndag 18. september 2011

Far, berre kom og ver med meg heim!

Far kan snakke i telefonen, men ikkje koma heim
Det er ikkje så lett for ein seks år gammal gut å akseptere at far ikkje kan vera med heim. Fleire gonger i veka besøker han faren, som sit i eit telt saman med to andre som også sit i same teltet dag etter dag. Det er heller ikkje lett for faren å forklare seksåringen at han ikkje kan vera med sonen dei fem hundre metrane det er å gå heim. Etter kvart er far redd for at sonen trur han ikkje vil vera med heim...

Ikkje alt er lett å skjøna  for vaksne heller.Denne faren heiter Muhammad I. Totah, han er ein av dei tre mennene som  har søkt ly hos ICRC (Røde Halvmåne, som er det same som Røde Kors i ein del andre land) i Jerusalem Aust, og har sete der i 445 dagar. Dei er ikkje arresterte, dei "kan" gå heim når dei vil. Den fjerde er derimot arrestert i Ramallah.

Alle fire er fødde i Jerusalem, dei har vakse opp i Jerusalem og har Jerusalem residency. Dette siste kan trekkast tilbake når landet Israel ønsker det, sjølv om dette er stikk i strid med alle internasjonale lovar og konvensjonar. Tillatelsen til å bu i Jerusalem vart konfiskert frå desse fire, utan annan grunn enn at dei nekta å sei frå seg plassen sin i PLC (palestinsk lovgjevande forsamling). Går dei ut frå sitt ICRC-asyl, vert dei umiddelbart utviste frå Jerusalem. Forstå det den som kan.
Vi har vore på besøk, dei har fortald si historie, dei går ikkje ut før konfiskeringa  vert trekt tilbake. Einaste håpet dei no har, er at dei kan få hjelp frå Genevekonvensjonen.
I dag 18 sept har dei vore 445 dagar i asyl , i frykt for  bortvisning

Inntil vidare vert dei sitjande, det er for mykje som står på spel til at dei vågar å forlate asylet. Einaste håpet dei har, er påverknad på høgaste nivå. Retten til å bu i Jerusalem, heime, betyr alt. Det er ikkje berre ein seksåring som har problem med å fatte og begripe dette. Den som har ansvaret, er det landet som kallar seg det einaste demokratiet i området...


øvste bildet teke av Eva Ulland EAPPI

lørdag 17. september 2011

Beduinar i kamp for skulen sin

Skule bygd av leire og gamle bildekk
Desse fortener også ein skule!
Khan el Ahmar er eit beduinsamfunn som ligg rett nord for Jerusalem. Beduinane her strevar med det same som beduinar flest, fattigdom, få og ingen sosiale rettar, arbeidsløyse, vekkdrivne frå sine eigne heimar og beiterområde...Slik også her.

Desse har no ein skule å kjempa for. Det er langt til neste skule, transport er dyrt og komplisert, vegen er trafikkfarleg, den store nye vegen har alt krevd mange liv. Khan el Ahmar ligg i area C, det vil kort sagt seie under israelsk myndigheit, så her får ingen byggje nokon ting. Eit italiensk firma som har røynsle med utradisjonell byggjing, meinte likevel at det måtte gå an å byggje slik at det på ein måte ikkje vart rekna som eit skikkeleg hus, og dermed kanskje ikkje ville bli sett på som nybygg... Eit skulehus bygd av gamle bildekk og leire vart sett opp, og det ser kjempeflott ut. Dei 273 elevane fekk skulehus og kunne gå på skule
heime, men gleda varte ikkje lenge.

Ordre om riving av nyeskulen kom! Samfunnet hadde fått noko å kjempe for, saka kom til rettsalane i Jerusalem. Så langt får ikkje beduinane koma, men saka vert ført via advokat. Det har vore  fleire rundar, dette vert dyrt. Det er ille nok for folk som knapt har pengar til mat, men utanlandsk hjelp, ma frå Norsk Flyktningeråd, har så langt hjulpe til. Med kjennskap til andre liknande saker, er det grunn til pessimisme.

Skal vi likevel kunne håpe på eit mirakel i denne kant av verda, her har skjedd mirakel før. Eg trur det neppe, men eg ønsker lykke til for alle dei som kjempar for denne skulen i eit samfunn som sanneleg har trøbbel nok. La barna i Khan el Ahmar få behalde skulen sin. The Tyre School.

torsdag 15. september 2011

Da klokka klang...i Aust Jerusalem

No sist mandag fekk eg vera med på omvisning på fleire skular i Aust Jerusalem. Det var nok ei utruleg oppleving...Her og no skal eg kanskje ikkje koma inn på alle detaljar med ulike skulesystem og problem av ulik art. Me møtte strålande palestinske barn som umiddelbart reiste seg opp ved pulten og presenterte god oppdragelse i heim og skule. Dyktige lærarar og rektorar  gjer sitt beste i ein særs krevjande jobb.
Kan oppsummere det vi møtte med håplause tilhøve når det gjeld plasstilhøve, materiell, totalmangel på uteareal og barn som slit med farleg skuleveg.
Førsteetasjen mura igjen trass i plassmangelen...
Eit døme som syner den håplause romsituasjonen, fann vi alt på skule nr 1: Dette skulebygget er har berre byggjeløyve for to etasjar, den tredje var oppført ulovleg for å få plass til alle elevane. Som alltid, kjem då ordren om å riva det som er uolvleg, skulen valde då å stenge av 1 etg for å behalde 2 og 3 etg. Denne etasje er no fullstendig plombert og plassmangelen er igjen til å ta og kjenne på.

Dette er ein skule for gutar i ca ungdomsskulealder, skulen kan ikkje ha frivarter sidan det ikkje er nokon stad å ha frikvarter, gutane må dele pult eller ikkje ha nokon pult. Skulen eig pultar nok, men det er ikkje plass nok i rommet til nok pultar. Gutane må dele på pulten, både to og tre, eller ingen pult. Små klasserom m 28 - 30 gutar i kvart vesle rom.
 I romet bak vindauget i klasserommet er ei israelsk busetting!
Denne karen har skuleplass, men ingen ledig pultplass.
Så til ein guteskule i Gamlebyen, her er det eit bustadhus som er gjort om til skulehus. Huset vert nytta til moske, fire palestinske familiar, ein moske og ei israelsk busetjing! Overalt er dei sanitære tilhøva  lite tilfredsstillande, og uteområde eksisterer ikkje.
Det er trist å sjå desse flotte barna som har så dårlege undervisningslokale, både dei og lærarane deira hadde fortent betre.

Det som likevel mest gjer meg sømnlaus, er tanken på dei 9 -10 tusen palestinske barna som ikkje får gå på skule . Konkurransen  er hard om dei få plassane som finst, mange familiar fell utanom skulesystemet av økonomiske og andre sosiale grunnar.

Dette er i Jerusalem. Aust-Jerusalem. Kven har ansvaret her?

lørdag 10. september 2011

We Will Never Leave Our Home!

Det er her vi høyrer til...

I går skreiv eg i blogginnlegget om slumområdet Silwan. Dette har eg sidan tenkt mykje på, og snakka litt med andre om det same også. Det er rett nok som eg skreiv at delar av Silwan må reknast som slumområde, pr definisjon. Det gjeld kanskje ikkje i like stor grad heile området, Silwan er eit stort område med ulike grader av dårlege bustader, dårleg infrastruktur og sosiale problem av ulik art og ulik grad. Forsåvidt er det rett nok slik eg skreiv det.

men så kjem tankekorset: Det er desse heimane og denne bydelen innbyggjarane kjempar for. Dei er livredde for å motta ordre om riving av hus og heim. Mange har alt fått dette varselet, mange er redde for å få. Har dette alt kome, er det kome for å verte realisert. I morgontimane,  i morgon, neste veke eller om ti år. Det er den usikre framtida dette fører med seg.

Bildet av plakaten ovanfor er frå aksjonsteltet midt i nedkøyrsla til sentrum i Silwan. Teltet vert nytta til aksjonsmøte, til fredagsbøn og til utstilling av fleire liknande plakatar. Alle med same bodskap: Vi flytter ikkje herifrå! Ikkje riv husa våre, vi vil ikkje flytte til Ramallah eller andre stader. Vi bur her!  Difor vert det litt tafatt å snakke om slumområde og dårlege sosiale kår.

Det er dette som er heime, det er heime dei vil bu. Er det for mykje forlangt?

fredag 9. september 2011

Dette er også Jerusalem

Paula ventar på bussen 
Dette er Paula som er i Jerusalemteamet saman med meg. På bildet sit ho på ein benk i Silwan og ventar på bussen. Frå benken kan ho, berre med å snu seg men utan å flytte seg, sjå inn i to ganske så ulike verdenar.Nedanfor seg kan ho sjå slummen i Silwan. Dårlege hus, kummarlege friområde (i den grad dei i det heile finst), katastrofal infrastruktur som vegar og kommunikasjon, høgt folketal, stoffmisbruk, stadige arrestasjonar ofte barn...Dei som bur i Silwan, betaler også skatter og avgifter, men kva får dei igjen for det?

Nedanfor  er Silwan

Oppe i skråningen kan ho sjå ein del av bymuren til Gamlebyen, som er ei heilt anna verd. Det er hit turistane kjem, dei vil sjå Klagemuren og dei kjende turistmåla, kanskje Al Aqsa-moskeen eller i alle fall den gyldne klippedomen. Her er dei heilagaste stadene for tre store religionar samla, og alt er lagt til rettes for at turistane skal få sjå dette på ein så behageleg måte som råd. Det er to atskilte verdenar, turistmåla i Gamlebyen og den store palestinske bydelen rett nedanfor. At det også er stor skilnad på tilhøva innan Gamlebyen, er ei historie for seg.

Her ser vi muren til Gamlebyen rett oppi skråningen. Veldig nært.
Men alt dette er Jerusalem, det er ikkje langt frå den eine staden til den andre.  Paula ser begge deler frå benken ho sit på.